Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m

Telemark
Dobbel anbefaling
(Skrevet av hansn 04.08.2012)

Tur foretatt: August 2012.

Hadde eigentleg tenkt å ta denne toppen på ski, men så skulle eg ein dag i sommar likevel til Seljord og då var det ikkje lange omvegen å leggja turen om Bø. Ikkje alt for godt forberedt på korleis eg skulle komma meg opp på jøronnatten la eg turen innom Intersport i sentrum for å kjøpa kart. Fantastisk god service der med detaljert køyre- og turbeskrivelse frå ekspeditørane. Butikken hadde også særs godt utvalg i turklær. For ein som meg som slit med å finna store nok turbukser så var det reine eldoradoet. Er du i Bø så legg turen innom Intersport!

Utgangspunkt:
Fekk anbefalt eit anna utgangspunkt enn Myklestulbrua som eg ser at mange andre har parkert ved. Køyrde opp Livegen til denne svingar meir enn 90 grader til venstre (knappe 3 km frå der Oterholtvegen kryssar elva rett vest for Oterholtfossen), og fortsatte her rett fram på bomveg. Fin grusveg heilt fram til parkering ved Røytejuvbekken (ca 5,5 km etter bommen.)

Vegbeskrivelse:
Raudmerka sti (kort parti på skogsveg) frå parkeringa. Litt oppe i lia deler stien seg og det er mogeleg å gjera ein rundtur om Holmen. Eg valde den vestre stien om Langetjønn.
Oppover mot Langetjønn var det vått, kaldt og sleipt. Men vel oppe ved Langetjønn letta været, skodda trakk seg tilbake og det blei rett så triveleg å gå vidare oppover mot toppen.

Eit par hundre meter sør for Jøronnattjønna tok eg til venstre over bekken (skilt) og derfrå bratt oppover. Sjølv om Jøronnatten ikkje er høgaste toppen på Lifjell (manglar 16 meter) så var det ingenting å utsetja på utsikten frå toppen. Mot sør var det bare disen som begrensa i horisonten. Flotte fjell langt vest. Gaustadtoppen stakk nasen sin opp i ei sky i nord. Nydeleg!

Ein vond mage gjorde at eg ikkje åt mykje før eller under turen. Det var dermed deilig å benka seg med ein pizza nede i sentrum av Bø etterpå før returen til Asker. Uten mat og drikke osv.

Tenkjer nok at det må bli ein vintertur også opp her!


Tilbake til Bø














 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset