Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Rømskog
Østfold
Den store froskevandringa
(Skrevet av hansn 20.07.2012)

Tur foretatt: Juli 2012.

Eg manglar fortsatt dei fleste fylkestoppane. Får verkeleg håpa at eg med Slavasshøgda og dermed Østfolds fylkestopp har gjort unna den traurigaste fylkestoppen. Turen innover i skauen er fin den, men som topp bidrar ikkje Slavasshøgda med bilder for skrytealbumet.

Utgangspunkt:
Køyrde veg 21 austover frå Rødenessjøen. 2 km aust for Hellesundet (Langvannet) startar det grusveg nordover (denne har to avkøyrsler tett i tett). Parkerte her.

Vegbeskrivelse:
Fulgte grusvegen innover i skogen. Rett fram i to kryss. Idyllisk langs vatna denne fine sommarkvelden. Sommaren spegla seg i svartstille vatn og gjorde turen verdt dei mange mila frå Asker.

Medan eg gjekk og tenkte at eg kanskje ville vera heldig å få sjå ein elg kryssa vegen begynte vegen å leva. Tusenvis av små froskar på vandring fra vatnet mot skogen. Dette har eg lest om men aldri sett. Det var så mykje småfrosk at det var knapt til å tru. Eg vil tru at fuglane i området var mette og gode denne kvelden..

Etter dryge 3 kilometer, omlag rett vest for toppen, går det eit svakt traktospor i retning rett mot toppen. Fulgte dette nokre hundre meter, men då sporet svinga meir mot nord valgte eg kompasskurs mot toppen. Fant ingen sti, men ei rekke spor gjorde det enkelt å gå oppover. Toppen er du på når GPSen piper...

Dei store steinane som virkar svært malplasserte i terrenget var eit artig syn på turen.


Tilbake til Rømskog


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset