Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Boknafjellet
293 m
Bokn
Rogaland
Flislagt topp... juhuu...
(Skrevet av hansn 17.07.2012)

Tur foretatt: Juli 2012.

Fenomenal utsikt over Haugalandet, Karmøy, Boknafjorden med sine små øyar, Ryfylke, Nordsjøen.. Den store masta skjemmer sjølvsagt meir enn litt, men ikkje nok til at ein ikkje blir sittande fem minuttar til for å bare sjå.

Som det høgste punktet langs kysten mellom Siggjo på Bømlo og toppane sør i Time på Jæren, ein avstand på omlag 150 km, ruva Bokn med sine beskjedne 293 meter og var eit velkjent seglingsmerke frå gamle tider. Idag kan ein leggja til omlag 170 meter til om ein klatrar til topps i TV-masta. Etter skilta å døma er det ein aktivitet som ikkje er særleg lovleg. Det er forsåvidt greit for meg som får lett høgdeskrekk bare av å sjå opp..

Utgangspunkt. Parkerte der grusvegen oppover tar av frå Grønnestadvegen.

Vegbeskrivelse: You can't miss it! Grusvegen slynger seg opp brattene til toppen. 23 grader på det brattaste.

Vel oppe er det som sagt utsikt både langt og lenger enn langt. Rundt varden på toppen er det mange benker med flotte informasjonsskilt om det ein ser. Det er til og med eit stort informasjonsskilt med blindeskrift. At det er flislagt platting der kor boka er plassert er vel ikkje akkurat eit stort pluss for ein topp synest eg...

Men trass i stygg mast og malplassert platting så er Boknafjellet vel verdt ein tur. Hugs kamera!


Tilbake til Bokn






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset