Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sveio
Hordaland
Herfrå til evigheten
(Skrevet av hansn 17.07.2012)

Tur foretatt: Juli 2012.

På veg nordover E39 etter å ha vore til topps i Bokn, Karmøy og Haugesund såg eg at det kunne vera tid til ein tur opp på Trollevassnibba i Sveio også. Måtte rekka siste ferja frå Stord til Kvinnherad der eg var på sommarferie, men beina var jo ikkje akkurat utsletne etter dei tre toppane tidlegare på dagen så det burde gå.

Utgangspunkt:
Tok av frå E39 mot Valevåg og Tittelsnes. I Valebygda (ved skilt til Fartøy Valens heim) tok eg av mot Tittelsnes. Parkerte ved Kleivo ungdomshus. Dette er eit raudt bygg på høgre sida like etter at ein har passert skulen. Greit å parkera her, og stien startar like bak huset.

Vegbeskrivelse:
Stien oppover var både fin å gå og godt merka. Eit parti var det ganske så blautt og sjølv om det var lagt ut plankar så er nok støvlar det riktigaste fottøyet. Etterkvart over på slett fjell oppover mot toppen. God fjellfølelse og fantastisk utsikt frå toppen. Herfrå kan ein sjå heilt ut i evigheten. Omtrent.

I visa av Matti Røssland heiter det at vi må raska på, for snart går siste ferje frå Valevåg. Den siste ferja var for lengst gått. No er det tunnel og dermed hadde eg god tid til å nyta utsikten frå toppen før returen. Unna meg ei fire-toppar-på-ein-dag-pølsa på ein bensinstasjon på Stord og kosa meg så lenge me den, ei cola og ei avis at plutselig måtte eg raska veldig på for å rekka siste ferja frå Skjersholmane. Litt deja-vu frå då eg var på Stord-toppane for eit par år sidan.

Flott topp!


Tilbake til Sveio


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset