Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Siggjo
474 m
Bømlo
Hordaland
Å vestland, vestland!
(Skrevet av hansn 08.07.2012)

Tur foretatt: Juli 2012.

Toppen på Bømlo har i min oppvekst i Sunnhordaland vore ein topp eg såg mange ganger der den ligg uti havgapet, og køyrde forbi då vi skulle ut på Bømlo for å gi fotballaga der ein leksjon i møljefotball. Men besøk på toppen hadde det ikkje blitt. Ikkje før ein nydeleg varm sommardag no i ferien. Med ungane og mor mi med på tur blei det ein fantastisk tur opp på Siggjo.

Utgangspunkt:
Parkerte ved fint tilrettelagt parkeringsplass langs veg 542 nordaust for toppen.

Vegbeskrivelse:
Frå parkeringsplassen går det blåmerka sti til Siggjo. Den kryssar grusvegen oppover eit par plasser (første gang ein møter skogsvegen så skal ein gå mot høgre).
I den varme sommarsola syntest ungane at det var meir enn bratt nok og syntest at vi heller kunne dra og kjøpa is. Litt kjøpsslåing konkluderte med at det skulle bli mange is etter turen.
Stien oppover er fin å gå. Med ei på åtte og ein på fem var det veldig greit med dei mange gangbruene oppover, men særleg nødvendig for vanlege toppsamlarar er dei nok absolutt ikkje.

Vel oppe var det eit fantastisk panorama, her er det fjord, fjell, bre, skjærgard, hav.. Steike for ein fin del av landet dette er!

Gutungen på fem sto på toppen og ropte "Dette var lett. Dette var lett!". Gløymt var uttalelsane hans i starten av turen der han med innlevelse forsikra oss om at han absolutt ikkje ville vera med på tur og at han ikkje kom til å gå opp. Deretter spelte vi luftgitar ved varden, det har vi avtale om å gjera på fleire toppar. Må ty til dei triksa ein har for å verva entusiastisk turfylgje.

Hadde ikkje gps med og blei litt usikker på om toppen er ved varden eller borte ved masta. Så begge punkt blei besøkt.

Deretter retur samme veg og vasking/bading i bekken nede ved parkeringsplassen som avslutning på turen.

Og ja, det blei mykje is på ungane etterpå!


Tilbake til Bømlo




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset