Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Enebakk
Akershus
Fin liten søndagstur
(Skrevet av hansn 03.06.2012)

Tur foretatt: Juni 2012.

Det er eigentleg ikkje all verdens å beretta om vesle Vardåsen i Enebakk. Men det er ein fin liten ås og vel verdt søndagsturen.

Utgangspunkt: Parkerte som vel alle kommunetoppsamlarar før meg nedom garden på Vestre Veng. Frå veg 120 tok eg inn Vengsveien og fulgte den blåmerka vegen (venstre) inn til Veng. Grei plass til å parkera både i grøfta og på eit lite provisorisk lagrings-/parkeringsområde.

Vegbeskrivelse: Tok inn skogsvegen (bom) som gjekk til venstre rett før garden. Fulgte denne til nydeleg akkompagnement frå alle Enebakks småfuglar, rett gjennom første "kryss" (fulgte skilt mot Kølabonn), og deretter til venstre inn på dårlegare skogsveg ved nytt skilt mot Kølabonn.
Fulgte skogsvegen/sykkelvegen oppover og haldt alltid høgre der det var valg. At dette er sykkelveg krev presisering - her skal ein vera meir enn greit trent og ha sykkel med god demping for å koma vel fram. Dette er skogsveg av det røffe slaget.

Nære toppen (160 meter i luftlinje), lik etter at skogsvegen har tatt skarpt til venstre oppe på ein liten kant, går det ein liten sti inn til høgre i retning mot toppen. Starten på stien er markert med eit lite raudt tøystykke på ei grein. Denne vesle stien tok meg rett opp til bålplassen og vidare til "varden"/steinane på berget på toppen. Flott utsikt sør- og vestover frå steinane.

Knappe 8 km t/r.


Tilbake til Enebakk




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset