Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Prekestolen
408 m
Gjerdrum
Akershus
Ingen kamp om taletida på denne preikestolen
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Det skal vel ikkje vera heilt lett å komma seg på preikestolen. Fordelen med Preikestolen i Gjerdrum er at når du først er komen opp på han så kan du ta den taletida du treng - her blir det nok sjeldan kø...

Utgangspunkt: Parkerte i Rauerskauveien, ved bomvegen opp til Holterkollen.

Vegbeskrivelse: Fulgte grusvegen opp til toppen av feltet aust for topp 455. Ved den svarte tømmerhytta "Smettinn" sikta eg meg inn sånn nokolunde mot Prekestolen og kava meg ned lia til Djupdalen og opp att på andre sida til Prekestolen. Begge sider av dalen er bratte, utan sti som eg kunne finna. Til dels vanskeleg terreng då det er berg med mose på, så det var ikkje godt å sei om fotfestet kom til å halda eller ikkje.

På tilbakevegen skremde eg opp ei røy på bare 4-5 meters hald. Ho sat i bratta der og ante nok fred og ingen fare då ein svett vestlending brått stakk hovudet opp på hylla ho sat på. Fluktruta hennas gjekk rett over hovudet mitt. Eg skvatt så det var hakket før eg tok ein rask og ufrivillig retur nokre høgdemeter nedover i dalen igjen.


Tilbake til Gjerdrum


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset