Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lillesand
Aust-Agder
Fin utsikt i dårleg vær
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Var ei helg på sørlandet for å plukka nokre småtoppar til kommunesamlinga mi. Såg fram til Hisåsen som i lag med Hovdefjell i Vegårdshei skulle vera dei to toppane denne helga med best utsikt. Eit forædersk regnvær begrensa utsikten frå Hisåsen noko, men fekk likevel fint utsyn over både kyst og hei.

Utgangspunkt: Køyrde veg 420 nordover frå Lillesand, forbi Helldal og nesten til Sundsodden. Tok av til venstre ved skilt mot Vatne. Under E18 og etter dryge 2 km parkering ved bomveg inn til høgre.

Vegbeskrivelse: Følgde grusvegen innover på austsida av Plankåsen og vidare inn over Hisåsmyr og gjennom Bjorstemmyrdalen og Vassdalen. Enkelt sagt er dette bare å fylgje grusvegen. Undervegs flotte stup opp til Ørneredet og Jonsskoddet. Undervegs passerer ein også klebersteinsbrudda som ligg mellom vegen og det bratte fjellet.

Etter kvart til eit vegskille. Tok her til høgre, forbi ei grillhytta og kort etter av på sti til høgre. Flott sti innover. Etter nokre hundre meter tok eg av frå den breide stien og inn til høgre på mindre sti. Dette stidelet er der den større stien svingar skarpt opp til venstre mens den mindre stien fortset rett fram.

Merka sti heilt opp. Mot toppen blei det meir og meir sva. Her var det merka gult til toppen som var enkel å finna med både mast og stor flott varde. Bygevær og skodde dempa utsikten men her er det nok flott i betre vær.


Tilbake til Lillesand


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset