Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Søgne
Vest-Agder
Kunne dette vera rett veg..?
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Då eg ein flott maikveld køyrde Fv302 frå Søgne/Lunde oppover mot Spjotheia må eg innrømma at telefonen med GPS måtte opp for å sjekka om dette verkeleg kunne vera rett veg. For rett nok er eg ein landsens vestlandsgut som er vane med litt av kvart av vegstandard og vegbredde, men at denne gruslagde ridevegen kunne vera ein fylkesveg var litt vanskeleg å tru. At det var begredeleg mobildekning og dermed lite hjelp å få frå GPS-hald, og også fullstendig fråver av vegskilt gjorde meg ikkje rolegare. Men sjølvsagt er det ei skam å snu så det var bare å gi på.

Og godt var det at eg ikkje snudde og ga opp. For hadde eg venta til no i haust med å erobra toppen på Spjotheia så hadde eg gått glipp av 1,98 meter. Ny offisiell måling viser nemleg at Spjotheia no er 276,1 meter. Men fortsatt høgast i Søgne og lavaste kommunetopp i Vest-Agder.

Utgangspunkt: Tok av frå Fv302 ved Kimestad/Kimestadvatnet og køyrde 1,7 kilometer på Skuggedalsvegen. Parkerte på plass etter det siste småbruket. Der er det skilta privat veg vidare.

Vegbeskrivelse: Fulgte skogsvegen inn mot Sandvann. Rett før vatnet er det skilta sti til Spjotheia på høgre sida av vegen. Stien går opp ved ei hytte.

Stien er godt merka heile vegen opp til toppen. Undervegs passerte eg Sultenborg som er eit freda arkeologisk busetnadsminne. Fint terreng oppover.

Toppen er utrusta som ein mellomstor campingplass med ein liten lavvo, fleire gruer, grillar og benker. Eit storttermometer med tyding av dei ulike temperaturane på lokal dialekt hang og på ei trestamme.

Det mest særeigne på toppen er to store rustrause flasker/skulpturar. Etter det eg har lese meg til så skal dette ha sitt opphav i at ein gjeng i festleg lag satte seg fore å finna ut kva som var høgaste toppen i Søgne. Når toppen var funnen vart han dekorert med desse flaskene.

Ikkje all verdens til utsikt men åpent og fint.


Tilbake til Søgne
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset