Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Marnadal
Vest-Agder
Tråkka nesten i storfuglreiret
(Skrevet av hansn 22.05.2012)

Tur foretatt: Mai 2012.

Liten topp inne i skogen, med overraskande stor varde. Litt skog, litt myr, litt kratt, litt meir kratt. Legg til litt utsikt frå toppen og vips - Ørteknappknuten.

Utgangspunkt: Frå veg 462 tok eg av nordover på veg 328. Parkerte etter 4 km rett før Bjønnjordstjønna der en liten traktorveg tar av til høgre.

Vegbeskrivelse:Gjekk over bekken og forbi nokre hytter som låg langs traktorvegen.
Etter siste hytta gjekk eg nokre hundre meter til der vegen går over litt fjellgrunn. Der er det eit heller utydeleg vegskille. Tok høgre der (minst tydelege tråkk). Fulgte dette gamle traktortråkket/kjerrevegen der det svinga seg oppover og blei meir og meir tilgrodd med kratt. Til slutt forsvann sporet og det blei kompasskurs mot toppen.

Undervegs fekk eg eit mindre hjerteatakk. På veg oppover i lett bushfighting stakk eg hovudet opp over ein liten kant, og der to-tre meter frå meg låg ei vordande storfuglmor og ruga på egga sine. Noko usikkert kven av oss som skvatt mest, men ho tok i alle fall til vengene mens eg prøvde å roa hjerterytmen ned til eit trygt nivå.. Gjekk ikkje bort til reiret i frykt for at mora ikkje ville venda tilbake, men knipsa nokre bilder og forta meg i staden vidare.

Toppen er fin den, men fugleopplevelsen var dagens høgdare.


Tilbake til Marnadal




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset