Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sørum
Akershus
Flott rundtur om Kukollen
(Skrevet av hansn 29.04.2012)

Tur foretatt: April 2012.

Hadde ikkje store forventningar til denne turen eigentleg, men i flott vårvær vart det ein fin rundttur.

Utgangspunkt: Køyrde veg 22 sørover frå Fetsund, tok inn på Hølandsveien (169) og kom etter 3,5 km til Skjastad. Parkerte på parkeringsplassen ved dammen på den staselege garden.

Vegbeskrivelse: Følgde grusvegen innover knappe to kilometer, og tok til høgre (dette var andre veg til høgre etter det store svarte huset). Deretter til venstre på første veg (etter ca 1 km). Tok deretter andre traktorveg til høgre, der var det ca 1,4 km luftlinje til toppen. Mista sporet etter hogstmaskina på eit hogstfelt omlag ein kilometer frå toppen (luftlinje). Gjekk oppover mot toppen i nordre hjørne av hogstfeltet og kom raskt inn på spor etter hogstmaskin som eg følgde opp på høgda. Der fann eg tydeleg sti som eg fulgte bort til toppen. Først kom eg til det underleg plasserte solcellepanelet som ser ut til å henga for seg sjølv på ei trestamma midt i skogen, og deretter til toppmarkeringa som låg litt til høgre for stien.

Fulgte samme stien vidare og kom då ut på eit stort hogstfelt. Flott utsikt mot blant anna Varingskollen og Tryvann og vidt nordover. Fulgte hogstveg på høgre sida av hogstfeltet, etterkvart inn i skogen og dels på umerka sti, dels på traktorveg. Kom ned på grusvegen som rundar rundt Kukollen mellom Nedre og Nordre Helltjern. Tok til venstre her og gjekk grusvegen tilbake til bilen. Svært idyllisk langs Søndre Mjøsjøen.

Totalt ca 13 km.


Tilbake til Sørum




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset