Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Undrumsås
144 m
Tønsberg
Vestfold
1996 km frå Roma
(Skrevet av hansn 02.12.2011)

Tur foretatt: Desember 2011.

Det er nok mange andre og betre grunnar til å besøka Tønsberg enn denne toppen, men skal ein ha alle så må ein opp her også.

Utgangspunkt: Parkerte på parkeringsplassen like før Holt Gård. Kom nordfrå på E18, tok av ved avkjøring mot Undrumsdal og Undrumsdalsveien til det sto skilt mot Grøum (høgre). Vidare på Grøumveien halvannan kilometer og til venstre ved skilt til Holt Gård.

Vegbeskrivelse: Frå parkeringsplassen gjekk eg hundre meter eller så tilbake på vegen eg kom frå og tok inn til høgre på blåmerka sti. Stien kryssa jordbruksområde og gjekk så opp på åsen. På toppen var det støypt toppmarkering med stople med bokboks og skilt mot fjern og nær. Greit å vita at det bare mangla 4 kilometer på å vera 2000 kilometer til Roma. Får ta kommunetoppane først :-)


Tilbake til Tønsberg
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset