Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Sæteråsen
396 m
Svelvik
Vestfold
Klart, mildt og vind - supert utsyn
(Skrevet av bakken59 27.11.2011)

Tur foretatt: November 2011. Andre på toppen: maritv

Køyrde til Svelvik sentrum - og var overraska over kor fin ein stad det er - og ein stad som eg aldri har vore på før. Flott bieffekt av dette prosjektet dette, å bli betre kjent med stader som ligg relativt nær òg! Vi føllgde rutebeskrivinga til hansn, veldig presis og fin, men vi bomma likevel litt der ein har valt mellom grasvakse brei sti og tydelegare sti - gjorde ingenting, for der den rette stigen kryssa løypetraseen, der skiltet med Bergstien dtår, kom vi innpå att, frå venstre. bergstien var artig! Små fine vardar heile vegen, og bratt, tydeleg og fin stig å gå. På toppen bles det friskt, men utsynet var upåklageleg frå tårnet. Vi så langt ut i havet. Etter fotosession og innskriving i manntalet - som stod på 953 eller noko slikt, åt vi nista nede på rasteplassen, før vi gjekk ned att ein annan veg. Følgde toppen sørover til Damvann, fin stig der - hald til høgre utover, for vi starta opp litt mykje til venstre før vi kom inn på ein veldig fin og ryddig stig. Vi rota litt nede ved Damvann også, fann aldri stigen som går vidare til Hellumvannet. Så frå Damvann gjekk vi nordaustover og kom innpå same stigen vi var komne opp. Vi brukte to timar med rast og roting. Marit og Uncas var med.

Tilbake til Svelvik


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset