Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Sarpsborg
Østfold
Kjapp tur ein gråværsdag
(Skrevet av hansn 22.11.2011)

Tur foretatt: November 2011.

Ut frå andre rapportar er det mykje som tyder på at Gastgiveren i Sarpsborg ikkje er noko utsiktstopp sjølv på dei beste av godværsdagar. At det dermed var fint lite å sjå ein gråværsdag med skodda på toppen var dermed som forventa.

Utgangspunkt: Frå Agnaltveien (veg 363) tok eg av skilta mot Harehjellhytta. Parkerte på parkeingsplassen der. Dette er skianlegget til Trøsken IL og her er det rikeleg med parkering.

Vegbeskrivelse: Fortsatte til fots langs grusvegen (Harahjellveien). Tok til høgre i første vegskille og fortsatte så rett fram inn i Harahjelldalen. Fulgte vegen til toppen lågg meir mot vest enn mot nord. Her startar sogsveg/sti mot toppen. Mot toppen blir det meir og meir lettgått ettersom stien går over på blankskura fjellgrunn.

Eg hadde verkeleg funne ein grå dag for denne turen. Fleire ganger skremde eg opp skogsfugl, men fekk ikkje gleda av å sjå dei då skodda låg ganske tett. Men mykje skit tyda på at skogsfuglane hadde eit eldorado her oppe.

På toppen er det radarinstallasjonar. Dei såg sikkert meir enn meg vil eg tru. Også ein trekonstruksjon over trigpunktet.


Tilbake til Sarpsborg






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset