Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Barlinderåsen
398 m
Rælingen
Akershus
Antikvitetsmesse - og topptur
(Skrevet av bakken59 20.11.2011)

Tur foretatt: November 2011. Andre på toppen: maritv

Har kome inn på eit spor der eg tenkjer mogleg kommunetopp når eg likevel skal ut i geografien i eit eller anna ærend. Messehallen på Lillestrøm let seg fint kombinere med Rælingens høgaste. Finn E og eg brukte først litt tid - og pengar i Lillestrøm, så møtte vi Marit og gjekk til Ramstadslottet. Finn var kjent der frå før, Fin topp, grei temperatur - men tett tåke dessverre. Etter nista gjekk vi ned i søkket, fann den gulmerka stigen, og gjekk greitt opp og fram til varden på Barlindåsen - som har gulmalt stein på toppen. Følgde same vegen tilbake til bilen, brukte 2,5 time med rast og pauser. Marit og Finn E var med på turen - som denne gongen gjekk utan hund!

Tilbake til Rælingen


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset