Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Farsund
Vest-Agder
Armar, bein og ein isbjørnku!
(Skrevet av Anders 16.11.2011)

Tur foretatt: November 2011.

Kaldåsknipa , 5066 moh
Lyngdal og Farsund kommune, Vest-Agder

15.11.2011
Etter jobbtur i Lyngdal var det akkurat tid og veg til toppen i Lyngdal og tilbake til Kjevik. Så på med joggetøy, kjapp tur innom Rema og gps-retning Drange. Den viste dog feil retning så vart finta ut ein gang og to før Volvoen var på rett avkjørsel (mot Åpta).
Fann bommen greitt og joggeturen fekk ein brå start rett oppover. Blå himmel og lav sol så ganske så magisk oppover i ca. 0 grader. Ingen dyr eller menneske å sjå, berre toppen og jaktaren. Kutta rett før antenna mot høgste toppen så ned på Farsund sine ulike vardar og kontrollerte med kart på mobil kva som såg ut som korrekt varde på ei flate (ei lita pytt i forkant). Fin solnedgang og flott utsikt.
Fann ut klokka hadde vorte 15:55 og flyet til Bergen gjekk 18:00 så det var armar og bein ned att med fart ned mot 3 minutt på kilometeren. Ingen tid å skifte, eit eple å gnafse på, kaste bilen inn på Kjevik og rett inn i Widerøe – maskinen. Ufint og illeluktande flyantrekk, men ein effektiv dag!

Tid: 36 minutt lett jogg inkludert opp + fotoshoot + ned
Dagens dyr: Kvit ku. Såg den nede i skogen vest for høgste punkt i Farsund. Litt tildekka så mogleg det var ein isbjørn ute av kurs.

Turtips! Kontroller at du er på rett punkt i Farsund. Det er fleire vardar her og kommunegrensa går ikkje over den næraste toppen.


Title
Spesialøkt: KOmmunetopp
Sport
Running
Start Time
Nov 15, 2011 3:27 PM
Distance
4.40 km
Duration
36m:23s
Avg Speed
8:16 min/km
Max Speed
2:47 min/km
Calories
317 kcal
Altitude
303 m / 505 m
Elevation
202 m ↑ / 173 m ↓



Tilbake til Farsund








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset