Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Hvittingen
404 m
Holmestrand
Vestfold
Nr 30 og første i Vestfold
(Skrevet av bakken59 12.11.2011)

Tur foretatt: November 2011.

Skulle hente mannen i Holmestrand, så eg måtte nytte høvet, men kom sjølvsagt for seint av garde. Tok av mot Sande før Hanekleivtunnelen, fann den vesle vegen mot høgre etter ein km eller noko slik. Så eit kryss der det stod bomveg mot høgre, men kartet tilsa at det var dit eg skulle. Køyrde oppover i vakkert kulturlandskap, hamnehagar, til eg kom til eit svært velstelt tun - ein gard som låg høgt og fint. Ein open bom og bort til driftsbygningar, der eg vart litt i stuss, køyrde inn bak fjøset og blei møtt av opne fjøsveggar med hundrevis av livdyr. Men ikkje noko veg vidare. Snudde og tråkla meg tilbake for å finne ein plass å setje frå meg bilen, men det var umogleg, så eg havna heilt nede ved vegkrysset med blindvegskilt att. Sjekka kartet ein gong til, og bestemte meg for å parkere oppe bak driftsbygningen og så gå derifrå. Men vel oppe, oppdaga eg at søylesporet bak driftsbygningen gjekk over i ein ordentleg grusveg (som kom frå Sande meir direkte, og som var vegen eg burde ha tatt frå starten av.) Køyrde oppover til eg møtte ein stengt bom. Ikkje parkeringsplass, og frekk som fy - og fordi eg no var skikkeleg seint ute til avtala mi i Holmestrand - parkerte eg midt i vegen framfor bommen og byrja å gå. Eg gjekk så raskt eg kunne med hunden på slep, fem plussgrader og grått, men ikkje nedbør eller tåke. Møtte ein person oppe ved det fine vatnet - sikkert herleg badevatn om sommaren. Freste opp til tårnet og tok obligatorisk bilete på toppen + skreiv i boka. Super utsikt - men kunne ha vore betre i dag. No var eg skikkeleg seint ute, og tenkte dessutan på bilen som som stod parkert midt i vegen, så eg sprang på fjellstøvlar mestparten av vegen nedover. Brukte ein dryg time, og strevde litt med rygging og snuing av bilen - før eg sette nesa mot Holmestrand. Første topp i Vestfold unnagjort - og årsmålet i og for seg - som var 30 toppar i 2011. No blir det fleire....

Tilbake til Holmestrand
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset