Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Gråfjell
1466 m
Flå
Buskerud
Den som ventar på noko godt..
(Skrevet av hansn 15.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Gode ting skal det visst nok vera verdt å venta på. Tre ganger tidlegare har eg vore på tur mot Gråfjell men utan å nå opp til toppen. Første gang var eg utan kart og vart innhylla i skodde, dermed vart løysinga å velgja nedoverbakkar ned fra fjellet heller enn opp mot toppen. Neste gang blæs det så sterkt at det ikke var mogeleg å gå oppreist og sist i vår kom det for mykje snø (utan ski). Med fantastiske værmeldingar heile veka var det derfor med stor forventning eg køyrde nordvestover frå Asker lørdag morgon for endeleg å få kryssa av Gråfjell på toppsamlarlista. Og ja, den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves!

Utgangspunkt: Parkerte ved Tempelseter. Det er bomveg opp hit fra Eggedal, kr 50 som kan betalast både med mynt og kort.

Vegbeskrivelse: Fra parkeringsplassen på Tempelseter er det skilta mot Høgevarde Turisthytte. Følg grusvegen opp til høgre. Der den slutter tar ein brua over Tempelbekken og følgjer svært tydeleg sti oppover lia. Undervegs har ein flott utsikt mot den tagga fronten av Ranten, mot Drotninggutunatten, Holmevassnatten og mange andre toppar. Stien går i lett terreng helt opp til Rødmyra kor terrenget flatar heilt ut og ein kan følgja stien opp mot høgre til Høgevarde eller ta raudmerka til venstre mot Haglebua/Tovesæter og Gråfjell. Skilta var falne ned men stidelinga er svært lett å sjå. På skiløypestanga heng førstehjelpsveska til 1.Ravn Fredrikstad. Den har vore der mange år no og er nesten blitt eit lite landemerke.

Fra Rødmyra går stien forbi Ranten på nordsida og ein får etterkvart dalen kor Fagerlibekken renn frå framfor seg på høgre sida.

Eg hadde ein ide om at det ville vore fint å følgja den raude T-stien opp til ca nordenden av Donkelitjenn for så å gå opp til toppen av Gråfjell frå vest. Fyrst viste deg seg slitsomt å følga den raude stien så langt pga fokksnø som skjulte både sti og merkjer. Deretter vart det rett og slett litt for glatt å ta seg opp frå vest, vinteren var så absolutt på veg inn over fjellheimen. Så dette vart ein liten omveg før eg var tilbake i dalen Fagerlibekken renn frå. Att og fram er framleis bort i mot like langt, men flott å vera på høgfjellet enten det blir omvegar eller ikkje. Kunne ikkje finna merka sti mot Gråfjell derfrå, men stolperekka for skisporet var ei god rettesnor. Holdt høgdedraget til venstre (sør/vest) for denne opp på høgda og fulgte så stolperekka vidare til "botnen" av Gråfjell. Herfrå skulle eg i etterpåklokskapens lys ha tatt ganske så rett opp fjellet mot toppen. Dette oppdaga eg på heimvegen. Eeg blei imidlertid gåande langs stolperekka som svingar seg opp på nordsiden av toppen. Tok på ein tilfeldig stad av frå skistolpane og kravla meg opp til toppen. Det vart ein litt tung omveg i fokksnøen. På toppen såg eg stien som eg fulgte ned.

Varden på Gråfjell er like formidabel som utsikta. Det blir ikkje mykje betre enn dette! Men vind og temperatur innbaud ikkje til ein lang stopp. Det blæs så kamera velta fleire ganger då eg skulle bruka sjølvutløysar, og temperaturen var godt under minus. På veg ned frå fjellet skremte eg opp eit par ryper ved å ropa ut min forbannelse då skolissene røyk og eg måtte av med hanskane for å knyta saman frosne skolisser i kulda. Men bortsett fra det så smilte eg frå turens start og til eg sovna på kvelden, svært godt nøgd med å ha Gråfjell i samlinga.

I'll be back!

GPS topp/varde: 0521861-6686930
Lengde: 19,5 km, men ville vel vore ca 14 km utan omvegane.


Tilbake til Flå








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset