Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Drangedal
Telemark
Perfekte turforhold til flott topp
(Skrevet av bakken59 09.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Køyrde frå Grova, fann stigen etter fjellkløfta, og byrja oppstiginga utpå ettermiddagen. Vi hadde sol og klart ver, ikkje ei sky på himmelen og ikkje eit vindpust. Berga var tørre og oppstiginga gjekk greitt, men fekk akutt næringsbehov og måtte raste og spise litt oppe ved dei store velta tørrfuruene om lag ein tredjedel av turen opp. Vi var oppe klokka 1800, og gjekk frå storvarden bort til grensevarden lenger bak. Månen var komen opp som ei kvit skive då vi stod på toppen, og halvvegs nede gjekk sola ned bak Hægefjell. Klokka 1900 var vi ved bilen og då var det duskmørkt med måneskin. Minneverdig tur. i dag då vi vakna på hytta snødde det - haustens første! Helge var med.

Tilbake til Drangedal




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset