Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Frøya
Sør-Trøndelag
Skumringdans med havørn(ar)
(Skrevet av Anders 06.10.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Besselvassheia , 76 moh
Frøya kommune, Sør-Trøndelag

19.09.2011
Ein kursdag på Hitra vart forskutert med vandring på Frøya i skumring. Starta med dagslys frå Skardsvågdalen og med eit lite kartutsnitt for å vite kva merker ein skal følgje er det lett å finne fram.
Ein havørn leika seg nokre meter over meg ved garden på nordvestenden av Grasdalsvatnet. Den var nok meir interesert i to sauar som valsa rundt der, til middag. Her tar ein 90grader av austover, over ei lita bru og på ”blodmerka” sti mot toppen. Kom fram 45 minutt etter start og knipsa og styrte på litt. Utsikta var god, men lyset brann ned som eit stutt stearinlys i horisonten.
Litt uggen kjensle i kroppen på vegen attende, men gjekk fint med normal gange. Fann merkinga i skumring og bilen i ganske så greitt mørke. Då var det gått 1t 34 minutt. Etter dette var neste stopp Frøya Hotell og pizza-restauranten over gata som ikkje spyttar i glaset!

Tid: 45 minutt opp + 40 minutt ned
Dagens dyr: Havørn. Såg 3 gongar, mogleg same ørn.
Turtips! Telelinse på kameraet til å få det råflotte ørnebilete du alltid har ønska deg på veggen.

NB! Hugs å sjå denne videoen før du drar på tur!!! Mykje god info :)
http://www.hitra-froya.no/webtv/?id=360&autoplay=1&page=0


Tilbake til Frøya




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset