Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Trondheim
Sør-Trøndelag
Landets skitnaste?
(Skrevet av hansn 02.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Det positive først: Toppen er fin - nydeleg utsikt over byen, mot Trollheimen og ellers vidt over Trøndelagsfylka. Ein treng ikkje vera toppsamlar for å finna grunn til å ta turen opp hit. Men du verden, i haustvått terreng var dette ein heilt særdeles skitten opplevelse i gjørme, gjørme, gjørme. Høge støvlar anbefalast! Dei skal vera ganske høge for å halda deg tørr..

Utgangspunkt: Parkerte ved Skistua (køyrde opp via Byåsen og Sverresborg). Det er mange parkeringsmogelegheiter i området, eg valgte den like ved Skistua då denne ligg rett ved stiens start. Utruleg mykje folk i marka denne dagen, men greit å finna p-plass likevel.

Veibeskrivelse: Sti/vei startar over vegen for Skistua (mot skitrekket/hoppbakken). Følg vegen skilta mot Elgsethytta. Ned til Vintervatnet (dette kan rundast på begge sider), langs dette på høgre side og inn på "riksvegen" mot Elgsethytta. Etter ei stund er det skilta mot Storheia på venstre sida. Tydeleg sti tar av her. Denne startar som ein grusa tørr sti men forvandlast i løpet av nokre hundre meter til eit nesten samanhengande gjørmebad. Eg starta optimistisk med å prøva å snirkla meg gjennom og hoppa frå den eine nokolunde tørre tua til den andre, men eg så ingen som greide det utan å enda med gjørme til knæra :-) Det er gjort ein super jobb med å legga ut pallebruer store deler av strekninga over dei verste gjørmestrekka, det gir kanskje ikkje den helt store villmarksfølelsen men er praktisk i terreng som dette.

Vil absolutt anbefala å ta denne turen i ein tørkeperiode :-) Ellers får ein bare kle og sko seg etter forholda - det finnest ikkje dårleg vær osv..

GPS ved toppen: 32 v 0569360 - 7051684


Tilbake til Trondheim








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset