Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Leksvik
Nord-Trøndelag
I gjørme til knes med smil om munnen
(Skrevet av hansn 02.10.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Køyrande frå Inderøya via Mosvika mot Leksvik spøkte det litt for heile toppturen. Skodda låg tung heilt ned i fjæresteinane. Dagen før var topptur i Malvik avbroten grunna den same foræderske skodda. På leiting etter stien i bare nokre få meters sikt raste eg utfor ein skrent med brot i handa og ein mørbanka rygg som resultat. Heldigvis skremte sola skodda vekk for turen til Kjerringklumpen fortjener så absolutt å gjerast i utsiktsvær!

Utgangspunkt: Parkerte ved bygdehuset Reveltun. Langs veg 755, ta av rett sør før Amborneset (det er skilta mot Reveltun), opp Setergårdsveien og vidare til høgre inn på Brudalsvegen (her er det ikkje skilta, men Brudalsvegen er første veg til høgre (ser bort frå avkøyringar til hus/gard).

Vegbeskrivelse: Ved Reveltun går vegen over til å bli traktorveg. Ta traktorveien som er ein forlengelse av vegen du kom på, rett fram. Etterkvart skilta sti som tar av til høgre. Raskt kryssar ein Hindremselva. Denne var brun og frådande, men heldigvis var det steinar med godt feste så det gjekk greit over. Herfrå går det meir eller mindre rett til værs til ein kjem opp i tregrensa. Sølete, vått og glatt.

Frå tregrensa blir terrenget noko slakare og ein krysser over ryggen til Pessarheia før stien går ned i Helvetesskardet før den siste stigninga opp til toppvarden. På vegen letta både orrfugl og ryper og berika turen. Det er noko med desse store og hardføre fuglane som får meg glad kvar gang eg får oppleva dei.

Utsikta frå toppen er formidabel - her er det vidt utsyn i alle retningar med flott utsyn til blant anna Trondheim.

I varden er boksen til turboka murt inn i sjølve varden. Fiks løysing. Så veldig mange navn var det ikkje i boka - utsikta fortjener fleire. Men opp utan søle frå topp til tå kjem du ikkje i så gjennomvått vær og terreng som eg hadde på turen.

Roleg tur med fleire fotopausar og solid "sitt ned og nyt" matpause på toppen.Dryge 9 km og nett meir enn tre timar totalt.

GPS toppen: 32 v 0567534 - 7054353


Tilbake til Leksvik






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset