Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Meland
Hordaland
Nr 50 - midt i hjortejakta
(Skrevet av hansn 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Eg hadde eigentleg tenkt at minijubileumet "kommunetopp nr 50" skulle markerast med å bestiga Bergens tak Gullfjelltoppen, men Yr og andre værmeldingar meir enn antyda ein våt dag så då vart jubileumsturen heller lagt til Meland midt i hjortejakta. Og skal ein dømma etter antall skot så nedla jegarane i området ein stor del av hjortestamma bare medan eg drog opp og ned fjellsida på Eldsfjellet.

Utgangspunkt: På vegen mot Skjellanger (kor eg hadde aspirantveker under førstegangstjenesten), etter å ha passert Rossland, parkerte eg på ein liten p-plass på høgre sida av vegen lika etter å ha passert avkjøring til Meland Motorsportsenter (på venstre sida)

Vegbeskrivelse: Tydeleg merka sti startar på venstre sida av vegen litt lenger fram enn parkeringsplassen. Starten av stien er merka med skilt i vegkanten.

Langs vegen før parkeringa såg eg fleire hjort på bakkane. Litt overraska over det, ville eigentleg trudd at dei hadde søkt dekning no andre helga i hjortejakta. Kanskje det ikkje var jakt i området? Tvilen om dette vart skrinlagt då eg steig ut av bilen - det smalt både her og der. Dermed var det på med signalfarga jakke og buff før eg la i veg bratt oppover mot toppen.

Stien går ganske så rett mot toppen oppover og sidan det trass alt ikkje er all verdens med høgdemeter som skal tilbakeleggast så tar det ikkje så lang tid før toppboka kan signerast. Artig låsemekanisme i boksen på varden.

Utsikta på toppen føyer seg inn blant andre flotte kysttoppar i området.

GPS-koordinater ved toppvarden: 0283805-6723011


Tilbake til Meland






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset