Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Øygarden
Hordaland
Ein liten høgdare!
(Skrevet av hansn 18.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Med sine 74 lette meter er dette Norges sjette lavaste kommunetopp. Men det som manglar i høgda tas igjen i stort monn når det gjeld utsikt. Plassert ute i havgapet er det mildt sagt formidabel utsikt over kystlinja langt sør- og nordover, byfjella i Bergen, kommunetoppane i blant anna Stord, Fitjar, Tysnes, Bømlo..(ikkje heilt sikker på om ein ser sjølve toppen på alle - hadde ikkje med kikkert). Og ei lang rekka høgare fjell innover i fylket. Eg var heldig og fekk besøka toppen ein strålande haustdag. Heilt nydeleg! Men som tur er dette ingenting. Sjølv i normalt vestlandsk haustvær rekk du å springe opp og tilbake til bilen uten å bli særlig våt.

Utgangspunkt: Parkerte på stor parkeringsplass ved Blomvåg Skole, på venstre sida når du kjem frå Bergen, så vidt forbi den grøne verkstaden på høgre sida.

Vegbeskrivelse: Gjekk inn vegen (Blomenutåsen) ved den grøne verkstaden. Holdt til høgre i vegskillet lika etter verkstaden og gjekk til det innersta huset. Umerka sti startar ved hekken på høgre sida av huset - denne går langs hekken først og skrår deretter opp over åskammen til toppen. På toppen er det gjerder, bunkers, mast og anna som i seg sjølv dempar naturopplevelsen, men utsikta er bare for rå til at det kan bli noko annet enn en flott omtale av denne miniatyrtoppen her i Øygarden.

Toppen er synleg frå brua over Rongsundet. Og seinare frå parkeringsplassen. Det er nesten utenkeleg at du treng GPS for å komma til topps her, men posisjonane på toppen er i alle fall: 0273956-6718463.


Tilbake til Øygarden




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset