Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hjartdal
Telemark
Besøk hos Gaustatoppens veslebror
(Skrevet av hansn 03.09.2011)

Tur foretatt: September 2011.

Etter å ha besøkt Gastatoppen ei rekkje ganger var det så definitivt på tide å få kryssa av for "veslebror" Gaustaraaen også.

Utgangspunkt: Parkerte ved Stavsro - sjølv ein kald (5 grader) og svært våt laurdagsmorgon i september var det nær fullt på parkeringsplassen. Absolutt alle andre skulle nok til Gaustatoppen. Fleire som parkerte samtidig valgte å snu då himmelen så og sei revna i det håndbrekket vart dratt til.

Vegbeskrivelse: Fulgte stien mot Gaustatoppen. Dette var rein køgåing. Etterkvart vart det så tett skodda at ein kun såg ca 20-30 meter så køfølelsen vart ikkje så påtrengande. Godt at skodda kan vera godt for noko :-)

Forbi minnesmerket (trekorset) der stien flatar ut og dreier mot høgre skritta eg ut av køen og retta nasa mot Gaustaraaen. Glad eg hadde GPS her for sikten var i perioder nesten null. Kombinert med styrtregn og temperatur så vidt over null så var det svært freistande å snu. Men sidan turen bort til Raaen ikkje skulle vera lang så gjkk det sakte men sikkert i riktig retning. Glatt på steinane bortover her!

Besøkte fleire vardar. Varde med grensebolt stemte ikkje heilt med kartet på min GPS så eg tok ein liten ekstra runde inn i Hjartdal for å vera sikker på at eg hadde vore på toppen. Med heilt null sikt måtte eg stola fullt og heilt på GPS - blei litt usikker av at varden ikkje stemte med kartet så etter å ha sikk-sakka området slik at sporet på GPSen nesten dekka skjermen slo eg meg til ro med at hvis eg ikkje hadde vore på det absolutte topp-punktet så hadde eg i alle fall vore svært svært nære.

På veg tilbake mista eg fotfestet på dei sleipe steinane og fekk eit solid fall på trynet i steinrøysa. Kneet verka intenst og eg kunne kjenna gjennom buksa at det hovna opp fort. Tenkte med skrekk at om eg ringte etter hjelp så ville dei senda tre personar frå undommens røde kors som skulle bera meg ned på båra. Dette ville eg skåna dei for.. Noko haltande og ikkje særleg fort kom eg meg tilbake til bilen. Det vart ein kort biltur bort til Gaustablikk Høgfjellshotell kor 60 kroner for tilgang til dusjanlegget gladelig vart betalt. Etter i tillegg å ha fått burger og kald cola i restauranten konkluderte eg med at det var ein fin tur...

GPS ved grensebolt: 0481720-6633178


Tilbake til Hjartdal


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset