Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Iveland
Aust-Agder
"Den som finn kantarell er på tulltur!"
(Skrevet av Anders 02.09.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Rubbeheia , 558 moh
Iveland kommune, Vest-Agder

30.08.2011
Før ferien var det gjort eit forsøk på denne koseturen. Problemet var den gong dårlig planlegging og eit fly som ikkje venta. Måtte derfor stoppe på Avdagsfjellet.
Denne gongen var grovkorna kart medbragt, eg viste å gå til venstre i starten frå parkeringsplass for å finne blåmerka løype og kompass på gps-klokke og mobil burde vere nok til å hanke inn heia. Var planen.
Problemet var på ny dårlig førebuing som gjorde at ved ankomst utkikspunkt og slutt på blåmerka løype måtte eg fram og surfe på mobilen for å finne rett veg mot Rubbeheia. Kompasset på mobilen viste heilt feil så tok retning på rutine og drog over ei myr opp ein ås og byrja å sondere etter toppunktet. 1 time og 4 kantarellklynger seinare var sonderte eg framleis etter toppen. Hadde tatt feil kurs to gongar, gått attende til utkikspunktet og på 3. forsøk fann eg via ei hytte ved feil vatn rett kurs mot toppen. Retninga hadde vore altfor langt nord.
Kom opp etter 90 minutt og banna og steika og lurte på kvifor ein dreiv på med dette når forarbeid tydleg ikkje var vits å bruke tid på… Grovkorna kart og unyttig mobilkompass må ta litt skuld, men dette vart framleis årets mest flaue topp. Har eit mål om aldri å sette min fot her på ny.
Tid: 1,5 timar opp + 0,5 time ned.
Dagens dyr: Lemen (gul med svart tigerstripe på ryggen!)

Turtips! Les deg nøye opp på toppen før tur. Ha godt kartutsnitt med samt kompass og evt. Topo-gps.


Tilbake til Iveland




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset