Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Vennesla
Vest-Agder
Frodige vekster i Vennesla
(Skrevet av Anders 01.09.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Oksla, 502 moh
Vennesla kommune, Vest-Agder

29.08.2011
Med lokal gaid født og oppvaksen i breiale Vennesla var det berre å stille han inn på ”Lauvås” og sette i veg frå Kristiansand. Vurderte å starte sørfrå, men det virka lenger og fuktig uansett slik veret hadde vore dei siste dagane.
Frå Lauvås starta vi eit nybygg (oppe til venstre for bom) og gjekk bratt ned mot grusvegen som ligg som ei rundkøyring. Inn til Sandvann og opp og ned til foten av sjølve Oksla. Det var mykje myr og høgt siv og tung gange så den kortare vegen førte ikkje til kortare tur. Såg litt dyr, spiste mykje blåbær store som tinntalerker og kom fram til Oksletjønn etter kvart. Då fjellet såg steil ut valte vi sørvestleg retning langs myra og opp direkte mot varden. Ned att valte vi å halde høgda nordaustover og så ned til Oksletjønn på slutten. Det siste vegvalet er klart det beste. Vi såg mykje bever-aktivitet, men ikkje sjølve dyret.
Vi kom attende til bilen rett før det vart mørkt og lott all den feite kantarellen i vegkanten stå att til andre heldige soppsankarar.
Tid: 1,5 timar opp + ca. 1,25 time ned.
Dagens dyr: Orrfugl, hjort, padde, ”bever”

Turtips! Usikker på om dette er beste vegval då det ikkje er noko sti, men gode sko og kler gjer ein fin tur. Det fine med å gå i ugreit lende er att ein treff på masse kjekke skapningar.


Tilbake til Vennesla


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset