Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Marker
Østfold
Eit glansnummer i Østfolds skogar
(Skrevet av hansn 22.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Linnekleppen er kjent for sitt bemanna branntårn. Utsikten frå tårnet er formidabel - og turen til toppen er rett og slett ein skikkeleg fin skogstur. Blant mange heller kjedelege skogstoppar i dette fylket så er Linnekleppen rett og slett eit glansnummer!

Utgangspunkt: Køyrde 124 austover (frå Rakkestad) og parkerte på stor parkeringsplass på venstre sida umiddelbart etter kommunegrensa (skilt).

Vegbeskrivelse: Gjkk hovudvegen tilbake til kommunegrensa, her er det skilta stistart mot Linnekleppen. Deilig skogssti, dels på berg, mykje på barnåldekka skogsbotn. Antok at dette måtte vera eit hoggormens rike og det tok ikkje mange hundre meter før det låg ein av arten og koste seg i stien. Den var totalt uinteressert i mitt foretakande og vi var einige om å la det bli med eit kort møte. Enkelte stader gjekk stien gjennom høg tett lyng, og eg angra litt på at eg valgte joggesko etter å ha talt tre hoggormar til på den første kilometeren..

På toppen er det stort skilt som ynskjer deg velkommen, det er bord/benkar og til og med ein leikeplass. Utsikta er ikkje all verda før du klatrar opp i tårnet. I det ein kjem over tretoppane så er det eit formidabelt skue som åpenbarar seg. Tårnet var ikkje bemanna då eg var der og dermed var øverste del avlåst, men sjølv utan å komma heilt til topps i tårnet så vart det nesten litt fjellfølelse av denne utsikta.

Eit artig innslag på turen er steintrolla både på toppen og langs stien. Super opparbeida rasteplass også langs stien oppover i tillegg til den på toppen. Langs stien er det hengt opp informative skilt om naturen og området ein bevegar seg i. Betre mål for familieturen enn her finn ein ikkje overalt for å bruka litt understatement!


Tilbake til Marker








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset