Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Eidskog
Hedmark
Særeigent tårn
(Skrevet av hansn 22.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

La turen til Hornkjølberget litt vel seint denna augustkvelden, turen vart litt prega av å måtta rekka tilbake til bilen før mørket tok tak for alvor. Grei tur til eit særegent tårn.

Utgangspunkt: Frå Kongsvinger køyrde eg Rv 2 forbi Sigernessjøen og tok av til høgre mot Buholt. Tok umiddelbart til venstre og fortsatte parallellt med Rv2. Fekk Halvsjøen på venstre sida, etter denne tok eg av 90 grader oppover mot Buholt/Mila. Omtrent på toppen av denne grusvegen sto det skilt til Hornkjølberget i vegkanten (opp mot høgre). Parkerte på liten p-plass på venstre sida her.

Vegbeskrivelse: Fulgte godt merka sti heilt til topps. Stien går dels i skog og dels i åpne parti med noko utsikt. Utsikta er fullt og heilt begrensa til å sjå skog :-)

Tårnet på toppen er ruvande - fint er det ikkje men utsikta frå toppen må vera bra. Inni tårnet var det bekmørkt i skumringa - eg bega meg eit stykke oppover men kjende med hendene at trinna var noko morkne så eg tok ikkje sjansen på å gå til topps sidan eg ikkje såg noko som helst og må innsjå at ingen ville gitt meg karakteristikken lettvektar...

I bilen heimover mot Asker måtte eg smila litt av at eg er blitt en særing som køyrer heilt til Eidskog for å gå ein liten høgst ordinær skogstur når eg er næraste nabo til Vestmarka og Nordmarka med sine utallige turmogelegheiter.. Men jammen er det godt å få nye kryss i samlinga! Og toppen i Eidskog er langt frå det kjedelegaste ein kan finna i kommunetopputvalget.


Tilbake til Eidskog








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset