Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Frosta
Nord-Trøndelag
Riktig varde er ikkje på toppen
(Skrevet av hansn 22.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Mange toppar har ein høyrt om eller sett bilder frå. Gleda seg til å besøka. Toppen i Frosta var på ingen måte i den kategorien for min del. Visste sånn ca kor Frosta var, men det var og alt. Det viste seg at toppen i Frosta var helt grei den. No er riktignok ikkje topp-punktet i Frosta sjølve toppen på Storheia, den ligg i Levanger, men ein fin liten trimtur vart det.

Utgangspunkt: Kom sørover langs E6. I Skogn tok eg av mot Ekne på veg 61. Frå Ekne vidare forbi Falstadsenteret. Deretter forbi Byavatnet (venstre sida) og forbi Sottjønna (høgre sida). I enden av Sottjønna går det ein liten bomveg opp til høgre. Her er det skilta Fjellhov. Parkerte her. Det er plass til eit par bilar.

Vegbeskrivelse:
Gjekk opp grusvegen/traktorvegen til den gamle garden Fjellplassen. Ein flott plass frå 1700-tallet som nokon tydelegvis legg ned stor innsats i å restaurere. Prisverdig.

Vidare på traktorveg som går over i merka sti. Etterkvart oppe på ei stor myr. Her hadde det gjort seg med vadarar.. Deretter bratt opp mot sjølve Storheia. Her var det flere stader lagt ut tau. Det var greit for det var bratt og det tette nettverket av fururøtter var enkelte stader glatt som ein skøytebane.

Oppe på Storheia har ein vore flittige på vardebyggjing. I etterkant ser eg at den som låg høgest og som eg "feira" slett ikkje var toppen i Frosta men derimot låg i Levanger. Toppen i Frosta slik eg ser det den første av dei store vardane.

Ikkje akkurat høgfjellet dette, men absolutt fjellfølelse med bergnabbar og snaut med trær. Ikkje spektakulær men vid utsikt..

GPS ved "feil" varde: 32 v 0594838 - 7060517


Tilbake til Frosta










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset