Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Lørenskog
Akershus
Deja vu fra Barlinderåsen
(Skrevet av hansn 08.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Ikkje mange besøker toppen på Svartåsen. Nokre elgjegarar, nokre hogstfolk og nokre smågale kommunetoppsamlarar. Det er eigentleg ikkje så mange fleire grunnar for at fleire skal ta turen heller..

Utgangspunkt: Parkerte på den store utfartsparkeringa ved skytebanen på Losby. Avkjøringa hit er godt skilta fra hovudvegen. Kjem ein til golfbanen så har ein køyrt for langt.

Vegbeskrivelse: Frå parkeringsplassen er det godt skilta blåmerka sti mot Mariholtet. Ein treng ikkje engsta seg for skytebanen, stien går bort frå banen og det er også store sikkerheitsvollar.

Stien går først nokre høgdemeter nedover før den går oppover i dalen mellom Tronfjell og Svartåsen. Stien er tydeleg og godt merka. Når ein nærmar seg der kor stien flatar noko ut så tar raud løype ein avstikkar til venstre. Omlag der denne kjem inn til blåmerka sti igjen (ein liten bekk kryssa stien der då eg var der, men då var det mykje vatn i området så den er der nok ikkje alltid) tok eg av til venstre og gjekk på gps mot toppen. I starten var det heller ulendt og eg måtte gå litt i sikk sakk for å finna farbar veg. Men det er tross alt ikkje så mange minuttane i dette terrenget før ein er oppe i litt slakare terreng. Eg kom til ei gammal hogstflata som eg kryssa i retning mot toppen. Ein liten arm av dette hogstfeltet førte opp så og sei heilt opp til toppen.

Sjølve toppen, markert med nokre få små steinar, ga eit deja vu frå den heller våte turen til Barlinderåsen tidlegare i sommar - null utsikt, styrtregn og følelsen av verkeleg å vera åleine ute i audemarka. Men, det er jo heilt frivillig :-)

GPS på toppen: 32 V 0610095 6639830

Totalt vart det knappe 4 km t/r.


Tilbake til Lørenskog


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset