Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Suldal
Rogaland
Kveldstur til Vassdalsegga
(Skrevet av bakken59 03.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Etter ein flott påskedag i april då vi av ulike grunnar ikkje kom lenger enn til det vesle vatnet ytst i Lisledalen, bestemte eg meg for å gå til Vassdalsegga i sommar. Og i går 2. august klaffa alt. Vi køyrde frå hytta ca. klokka 1100, og handla på Åmot. Var på Haukeliseter ca kl 1400. Tok nistepause med ein gong, og så gjekk vi frå tunnelopninga på raudmerkt stig til Kisteelvi. Der valde vi å halde rett fram opp lia nord for Kistenuten. Fin stig og lett gange opp til den første tjønni i Lisledalen. Planen var å setje opp teltet og gå opp til toppen dagen etter utan tung sekk. Men vi hadde brukt litt lite tid, og då vi møtte folk som sa at toppen berre var to timar unna, sette vi frå oss sekkane og tok turen som ein kveldstur. Vi brukte ikkje fullt to timar, og var heldige med været. Skiftande skydekke og så varmt at vi gjekk med shorts. Vi møtte to grupper på fem personar oppe på platået, men vi såg dessverre ikkje rein som dei hadde gjort. Flott platå å gå på, men svært tydeleg at alle permanente fonner er mykje redusert i forhold til korleis dei har vore før. Kjekt å gå etter alle dei små vardane folk har sett opp bortover, sjølv om vi ikkje fann fleire vardar opp det siste stykket. Borte ved toppvarden steig det ei grå sky opp frå dalen i sørvest, og vi mista litt utsyn den vegen. Men det gav seg heldigvis, og heimturen var fin med kveldssol, ei regnbyge og utsyn heile vegen. Vi telta ved den nedste tjønni i dalen, og maten smakte godt i nitida.Då vi titta ut av teltet morgonen etter, var det lågt skydekke rundt oss og null sikt. Vi var kjempeglade for at vi fekk med oss toppen kvelden før. Tom og Uncas var med.

Tilbake til Suldal






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset