Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hjartdal
Telemark
For ei steinrøys!
(Skrevet av bakken59 31.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011. Andre på toppen: knut98

Laurdag 30.7.2011 etter fin tur til Gaustatoppen gjekk fire av oss vidare til Gaustaråen. Det første strekket bort til toppen gjekk greitt, fin ettermiddagssol og det gjekk greitt å hoppe frå stein til stein. Broren min brukte høgdemålaren og vi gjekk ned heilt til 1570 eller noko sånt der det byrja å gå opp att igjen. Då rekna vi med at vi hadde kryssa kommungrensa ein stad på veg nedover frå toppen. Det var to vardar der, ein på 1620 og ein på 1618 etter vår GPS. Men frå Gaustaråen og heim blei turen slitsam. Broren min og nevøen var venta ved bilen, så dei gjekk raskt, medan Tom og eg og hunden brukte lenger tid då vi sette kursen rett austover. Fy søren for svær steinur! Tom har dårlege anklar og strevde ein del, og det gjorde absolutt Uncas også. Vi stansa ved den austlegaste av dei små dammane, og hunden fekk bade og drikke. Så tippa vi over kanten og gjekk rett ned til parkeringa. Tom, Erling, Knut var altså med + hunden Uncas.

Tilbake til Hjartdal


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset