Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Porsgrunn
Telemark
Flott topp - i godt vær
(Skrevet av bakken59 26.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Etter Hørsfjell Bamble i regn i går, var det tøft at foreldra mine (snart 79) orka ein tur til i dag. Vi køyrde til Flogstadtjenna og følgde godt merkt sti heilt til topps. Ganske vått etter dei siste vekene med mykje nedbør. Vi møtte folk både på veg ned og opp, og då vi sjekka boka skjønte vi at dette er ein topp folk frekventerer i konkurransesamanheng. På toppen var det eit foto med ein flokk turgåarar som hadde t-skjprte der det stod 50 gonger på Fjerdingen (i året). Og i boka var dei ei som alt hadde vore der 220 gonger i 2011! og vi møtte ein med 110 og ein med 92 i dag. Håper verkelleg at dei får med seg nokre andre toppar også! Men rett skal vere rett - sjølve toppen med flotte svaberg mot sud - var ein kjempeflott topp. Jomfruland og Stråholmen låg og flaut ute i synsranda. Vi brukte lang tid - men dei to seniorane var svært godt nøgd med å ha greidd ein topp til.

Tilbake til Porsgrunn
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset