Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Brattefjell
1541 m
Seljord
Telemark
Vakker første gong til Brattefjell
(Skrevet av bakken59 13.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2009.

Ei sein julihelg på hytta i Langlim sommaren for to år sidan. Gjekk med Tom og kamerat Finn og hund frå Bjåen. Følgde vegen til Sandsetvatnet og så tvers over dei store myrene til Grotvatni. Sol og vakkert vær, men myrene var våte nok! Sjølve toppen var tørr og fin, og vi gjekk lett i lyng oppover. Flotte heller overalt, og vi endte med å bere med oss to heller heim til hytta. Lange armar mot slutten. Toppen er vakker og heilt rosa, og då vi sat og åt nista der opp flaug ein kongeørn opp og låg på vengene over oss - magisk! Skal prøve å gå denne på nytt i sommar - berre ein knapp time å køyre frå hytta - slik at det berre er å plukke den ideelle dagen.###### torsdag 28.7 2011 gjekk eg på nytt til Brattefjell. Denne gongen starta eg frå Sudbø, og kom altså opp på toppen frå sud, sist kom eg opp frå nordvest. dagen var varm og fin med lett skiftande skydekke, og oppturen frå Sudbø til Sudbøskardet var varm. Ganske konsentrerte høgdemetrar til ein kom opp over tregrensa. Det ser ut som det er nesten 300 hm opp til toppen av skardet før ein tippar ned att mot Grotvassdalen. Kanskje det var 200 meter ned til botnen av dalen? Kryssa elva rett mot den nedlagde staulen der det er eit lite fall/stryk. Stussa veldig over dei kjempestore murtuftene. Kva i all verda har dette vore? Tok av gummistøvlane og let dei stå att. Fortsatte med joggesko. Ikkje eit godt val. Dei var gjennomvåte etter eit par hundre meter, og ned att gav dei for dårleg støtte. Litt vidjer og brisk i starten som var litt strevsamt, men så tørre og fine ryggar og drag. Toppen er verkeleg perfekt. Heilt raudt berg. Flott pauseplass og utsyn over heile verda. også denne gongen krinsa ein kongeørn over meg. Hunden peip og nekta å røre seg då eg ville starte nedturen. Eg kunne og gjerne ha vore lenger, men himmelen i nord var dramatisk svart, og eg så regnskylla gå over Møsvatn. Regnet fekk eg i hovudet halvvegs nede til staulen. Tok ein halvtime under tak med varm te på den vesle hytta som ligg halvvegs opp mot Sudbøfjellet. Regnet var over før eg nådde bilen att. Fantastisk tur i fantastisk landskap - berre merkeleg at eg ikkje møtte nokon annan heile dagen. sliten hund som er godt turfølgje.

Tilbake til Seljord






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset