Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Jevnaker
Oppland
To toppar på siste skitur i Marka - april 2011
(Skrevet av bakken59 12.07.2011)

Tur foretatt: April 2011.

Siste helga før påske, 10. april 2011, køyrde eg til Mylla for å klemt ut ein siste skitur av Nordmarka. Løypa sør for vatnet for overraskande bra tidlleg om morgonen - men nokre bekkar på tvers var det likevel. Gjekk Formoløypa opp til Bislingflaka for første gong. Rasta ute ved den gamle skiheisen. Roten snø det siste stykket, for det var ei stund sidan maskin hadde køyrt der. Fuglesong og solskin. På veg nedover møtte eg nokre få blide skigåarar. Dagen var for fin til å gje seg med dette, så eg heldt fram til Ølja. Der var isen i oppløysing, så eg gjekk løypa til høgre for vatnet. Fann skiltet til Svarttjernshøgda, og så eitt skispor i snøen der. Så eg starta klatreturen i det sporet. Gjennomroten snø, så det var tung tråkking heile vegen. Møtte skigåaren eit godt stykke oppe. Det suiste stykket var ganske tett med mykje bøss og barnåler og granskog. Fann toppen som var skuffande - svært lite utsyn - men var det kanskje Oppkuiven som syntest mellom trære i sørvest? Turen ned var skummel - og pga roten snø tråkka eg mesteparten av vegen ned att til Ølja også. Men Nordmarkas høgast topp var eit fin trofé - og fin slutt på Nordmarks-vinteren 2011.
PS: Ser i andre rapportar at det er nemnt eit tårn i 2007, eg såg ikkje noko til eit tårn, men ei oppslagstavle. Har eg (og den andre skiløparen) bomma på toppen?


Tilbake til Jevnaker
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset