Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hemnes
Nordland
Første wwv-tur - 04072011
(Skrevet av bakken59 12.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Etter å ha gått frå Leirbotnet oppom Okstinden til Kjennvasshytta på sundag 3. juli, var det med tunge bein vi drog av garde til Oksskolten måndag 4. juli. Starta ikkje før kl 1245, fint vær som etter kvart blei gråare, og sjølve toppen låg i ei sky. Vi hadde sett over mot toppen frå Okstinden dagen før, og var litt lieie for at vi gjekk glipp av utsynet andre vegen. Vi kryssa Okstindbreen med stegjern lånt av Svein Arne i Hemnes turistforening.. Dei kon godt med, sjølv om breen var våt og kornete og ikkje så glatt. Vi møtte ingen folk på desse to turane, men såg ryper og ein røyskatt. Kjennvasshytta var kjempefin, og vel heime frå Oksskolten, var Per Jomar og Elsa frå turistforeninga komne til hytta og hadde fyrt opp badstua. Så vi gjekk i varm badstu klokka 2300! Møre - men svært nøgde med å ha starta registrerninga av toppturar med ein ti-timarstur! Anne, Eirik og Tom var med.

Tilbake til Hemnes






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset