Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Holmestrand
Vestfold
Fin veg heilt til topps
(Skrevet av hansn 09.07.2011)

Tur foretatt: Juli 2011.

Eg klarar liksom ikkje heilt å etablera skikkeleg toppfølelse når toppen kan erobrast langs ein fin grusveg, men ein merkar då i det minste at det går godt oppover og utsikta frå tårnet på toppen er ikkje verst. Det frista litt å prøva ut stigane oppover i den formidable masta som prydar toppen, men det såg lite lovleg ut og heller ikke heilt lett å komma opp til første plattform utan nøkkel. Eg er og noko tøffare på trygg grunn enn dinglande i bratte tårn og stigar så det var sikkert greit at masta fekk stå i fred.

Utgangspunkt: Kom kjørande E18 sørover frå Drammen, tok av mot Sande i første avkøyring etter bompengestasjonen rett nord for Hanekleivtunnelen. Fulgte Hanekleiva nedover mot Sande, og tok til høgre inn Stokkeveien. Holdt til høgre i første vegdele og kom frem til Vealøkka. Her holdt eg på nedsida av den store driftsbygningen, og holdt deretter opp til høgre i Trappekastet like etter. Etter litt kjem ein til bommen kor eit par bilar kan parkera langs vegkanten.

Vegbeskrivelse: Enkelt og greit - følg grusvegen gjennom bommen og til topps! Hold den finaste vegen (høgre i vegdele). Undervegs passerer ein Orebergvannet, her var det fint tilrettelagt for ein rast, også med tak over hovudet om været skulle kreva det, og det var også kasse med bok.

På toppen finn ein det ein gjerne finn på skogstoppane på austlandet; ei mast, eit utsiktstårn og nokre brukte eingangsgrillar.

Utsikta frå tårnet er verdt turen.



Tilbake til Holmestrand








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset