Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Øksnes
Nordland
Møy, røy, rype og sølvtøy (av ein topp)
(Skrevet av Anders 04.07.2011)

Tur foretatt: Juni 2011. Andre på toppen: Løvstakken, mob, Sea

Snøkolla, 763 moh
Øksnes kommune, Nordland

25.06.2011
Etter 11,5 timar med Møysalen Nasjonalpark i beina var det ein stiv og støl gjeng som satt turen mot Øksnes kommune. Mob var på ny vår gaid ut i det ukjende, men vi valde no ein litt annan veg å starte frå enn han gjorde førre gong han var her. Starten vart lagt til ein grusplass i vestre vegkant, eit par hundre meter sør om Steinland.
Det skulle vise seg at dette ikkje var så gale. Vi fann ei grei leie opp gjennom det grøne og trefte etter kvart på sauetråkk og riktig leie mot eggen, retning aust. Det vi også trefte på var eit joggande kvinnemenneskje som fann ut det var kjekkare å gå på fjellet enn å jogge på asfalt. Snøkolla tykkja ho såg freistande ut så då vart Snøkollafelleskapet endelig med fire støle karar og ei spretten møy.
Etter kvart lausna muskulaturen som gjorde oppturen litt mindre strevsam. Stien er lett å følgje, sjølv om eit røye gjorde kva ho kunne for å lokke oss vekk frå ungane hennar. På toppen av eggen etter ein malplassert bete med tau vart det ei lita rast. Etterpå var det å vandre salig og slakt mot toppen langs ei spektakulær egg. Tåka slo mot eggen, men kom ikkje over og gjorde livet vårt ugjestmildt. Det vart tvert om eit herlig syn oppover til vi omsider stod på toppen av Øksnes. Litt godt og blanda med tanke på utsikt, men slettes ikkje gale. Vi drog ned same veg, skremte opp den same rypa og brått stod vi att ved Quahqaien. Farvel til røy og møy og så retning Nyksund!

Tid: 1,5 timar opp + ca. 1 time ned.
Tal på høgdemeter: ca. 750

Turtips! Kombiner turen på Snøkolla med ein tur til Nyksund, http://www.nyksund.org/. Ein fotografisk perle det er vanskelig å sette i bås. Gode torsketungar i karrisaus og Vesterålens einaste godkjente røykeri har dei også!


Tilbake til Øksnes




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset