Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Vardefjell
814 m
Sauherad
Telemark
Langt om lenge og lengre enn langt!
(Skrevet av Håkon L 02.07.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Etter noen rolige dagar etter Trondheim-Oslo, blei eg litt rastlaus og ville ut å samle litt toppar. Og med Vestfold som målet. På vegen dit kjørte eg forbi Skien og Sauherad sine toppar og tenkte at ein tur oppom her kunne eg vel koste på meg. Eg tenkte at detta skulle bare bli ein kort tur så eg rakk kanskje ein eller to toppar til før eg tok kvelden, men det var visst feil...

Eg kjørte som mange andre Luksefjellveien og opp til Luksefjell. Kjørte så til Einagvegen og begynna å gå den lange bomvegen mot Sommerseter. Dette er kanskje noe av det meir dumme eg har gjort og til alle som vil på denne toppen seinare TA MED SYKKEL eller LÅN NØKKEL. For detta blei ein uendelig lang tur innover vegen, så etter ein nærmare to timar lang tur kom eg til Sommerseter og gjekk forbi her til den blåmerka stien som fører til Skåråfjell. Litt regn i lufta og tåke på toppen så utsikten blei ikkje den beste, men skimta såvidt toppen av Vardefjell.

Nedturen frå Skåråfjell mot Vardefjell var ein utfordring den var ein bratt dal med masse høgt ormegras og stup, så komme til botn var ein utfordring. Vel nede i botn fant eg ein blåmerka sti som eg merka av på GPS'en fro å kunne følge på tilbakevegen. Nede i dalen sette eg kursen rett opp fjellsida mot Vardefjell, ein bratt tur, men det gjekk greit. Vel oppe på toppen kom tåka snikans igjen og det obligatoriske bilde blei tatt før turen gjekk samma vegen ned igjen i dalen og ned til Stien som gjekk rundt Einagvannet. Så kom eg ut på vegen igjen og tok fatt på den lange tilbaketuren, jogga store delar, men det tok seg tid likevel.

Bruka 5 timar og 30 minutt på heile turen og gjekk ca. 30 km. Uten mat og drikke blei turen enda lengre. Men to nye toppar rikare.


Tilbake til Sauherad
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset