Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Rollag
Buskerud
Strålande utsikt
(Skrevet av hansn 26.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Forventning om god utsikt var stor både basert på andre samlarar sine rapportar og etter å ha sett på kartet. Bortsett frå at sjølve toppen av Gaustatoppen skjulte seg i skodda så vart forventningane innfridd til fulle. Strålande utsikt i alle retningar langs nesten heile ruta.

Utgangspunkt: Parkerte på toppen av Killingskardet, godt med p-plassar på morgonen men det var trangt om plassen då eg kom tilbake etter turen. Ikkje uventa i det flotta sommarværet.

Vegbeskrivelse:
Fulgte god raudmerka sti nordover frå Killingskardet. Mykje regn den siste tida gjorde dei små myrpartia rimeleg våte, men stien var lett synleg heile tida.
Valgte å følgja stien forbi Rusttjønn og så ta sikte direkte mot toppen etter at Rusttjønn var passert. Der ser ein varden tydeleg oppe på høgre sida.
Frå toppen vendte eg nasa direkte mot sørenden av Rusttjønn. Her gjekk det ein umerka sti men terrenget er så lettgått at ein kjem ned enten ein følgjer stien eller ikkje.

Starta tidleg frå Killingskardet og hadde fjellet åleine på vegen inn til toppen. Men tydeleg at dette er eit populært turmål, for eg møtte mange som var på veg mot toppen då eg var på veg heimover.

Tid og avstand: Kosetur med fotografering og god rast på toppen. Knappe 3 timar totalt. 9 km.


Tilbake til Rollag






 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset