Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Sommerfjøstoppen
393 m
Aurskog-Høland
Akershus
1 røy, 1 orrhøne, 1 hare og 2 våte traktorvegar
(Skrevet av hansn 20.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Eg forventa ein heller keisam topp basert på tidlegare beskrivelsar, men i den seine sommerkvelden vart turen berika med ei røy, ei orrhøne og ein hare. Slikt gjere ein ellers keisam skogstopp til ei fin turoppleving.

Utgangspunkt: Parkerte ved bommen ved vegen mellom Bjørkelangen og Søre Mangen. Kom frå Bjørkelangen og dette var den første bommen eg kom til etter at eg hadde passert Stavtjenn.

Vegbeskrivelse:
Fulgte vegen opp til masta. Ikkje lett å bomma på den. Fulgte vidare traktorvegen som går rundt masta på venstre sida, og vidare eit kort stykke ut på hogstfeltet. Traktorvegen var meir som eit to-banars symjebasseng..
Fulgte traktorvegen eit stykke ut på hogstfeltet til denne vart utydelig og delte deg, då sikta eg opp mot det eg antok var høgaste punkt i skogkanten til venstre. Oppe her var det imidlertid tydeleg at det låg ein ny "topp" litt lengre bak i skogen. Eit par hundre meter flott relativt åpent skogsterreng så dukka metallstanga på toppen opp. Det same gjorde ein traktorveg som passerte eit par meter frå toppen. Fulgte denne traktorvegen tilbake til masta. Kom då ut på grusvegen 50 meter før masta. Denne traktorvegen er nok absolutt å foretrekka sjølv om denne også var prega av den våte sommaren.

GPS topp: 0647303 6646490


Tilbake til Aurskog-Høland
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset