Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Svelvik
Vestfold
Litt bratt - mykje utsikt
(Skrevet av hansn 15.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2011.

Inne på IKEA på Slependen melde det seg både litt IKEA-klaustrofobi og ei gnagande topptrong. Med turklede og -sko i bilen vart handleturen avbroten og nasa retta mot Svelvik og Sæteråsen.

Utgangspunkt: I Svelvik tok eg av mot sjukeheimen og køyrde oppover på venstre sida av avfallsanlegget. Det vert grusveg og i einaste "nesten"-kryss holdt eg til venstre. Kom raskt til parkeringsplassen på Skalland som i fylgje skiltet ikkje er ein parkeringsplass. Men ifylgje lokale turgåarar eg snakka med så er det ingen som bryr seg om det skiltet.

Vegbeskrivelse: Tok inn grusvegen i øvre hjørna på parkeringsplassen (lengst vekk frå innkjøringa), dvs ikkje der infoskilta står. Det går nesten umiddelbart ein dårleg veg opp til venstre men denne gjekk eg forbi og tok istaden neste grusveg opp til venstre (etter eit par hundre meter). Her var det ikkje skilt (kanskje fordi ingen i Svelvik bryr seg om skilt, ref parkeringsplass eller ikkje parkeringsplass :-). Vegen går småbratt oppover. Ein passerer ein sti som kjem opp fra høgre (skilta til blant anna Fjellbekk), og tek kort etter 90 grader til høgre inn på en traktorveg/grusveg. 30 meter inn på denne vegen står det skilt mot Tårnet (1km). Etter eit par hundre meter svingar denne vegen mot venstre (er ganske utydeleg her pga høgt gras), men det tar av ein tydeleg sti mot høgre. Fulgte denne stien som raskt erobra høgdemeter. Etterkvart flatar det ut og ein krysser det eg antar er en skitrasè. På oversida av trasèen/myra starter Bergstien (skilt) som stig raskt opp til toppen. Utsiktstårnet på toppen er vel verdt et besøk. Rett nok sto det skilt om at ein er velkommen opp på eige ansvar, men det var både trygt og ikkje minst fantastisk utsikt i alle retninger fra toppen.

Enkelt å finna fram til toppen sjølv om merkingane stort sett var fråverande. Men når det er så greit å finna fram som her så er det eigentleg greit å ikkje skjemma stien med maling.

Flott tur som anbefalast! Sidan eg ikkje hadde kamera med sjølvutløysar fekk eg ikkje "bevist" at eg var der så dermed må eg ta ein tur til. Men det gjer ingen verdens ting til ein fin liten topp som denne.

Tid: 1t15min inkl fotografering i tårnet.

Påska 2012 vart innleia med ein ny tur til Sæteråsen. Like fin som sist. Obligatorisk bildebevis i boks :-)


Tilbake til Svelvik










 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset