Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Mehammarsåto, nord for
680 m
Fitjar
Hordaland
Flott turterreng - vart snytt for utsikt
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Juli 2009.

Fjellpartiet på Stord-øya (Stord og Fitjar kommunar) strekkjer seg ikkje så høgt, men sidan det er øy og eit godt stykke til høgare toppar så er utsikta formidabel. På min rundtur vart eg dessverre snytt for utsikt på store delar av turen på grunn av svært tett skodda, men i glimt åpna det seg og det vart fantastisk skue både mot høgare toppar innover i Kvinnherad (kor eg vaks opp og vart fjell-hekta) og ikkje minst mot øyene utover. Anbefalast på det varmaste!

Utgangspunkt: Parkerte ved kraftstasjonen i Lundssetervegen. Ta til venstre etter at du har passert parkeringsplassen til skianlegget på Lundseter, stasjonen ligg då innerst i blindveg.

Vegbeskrivelse:
Frå parkeringsplassen startar merka sti (raudmerka, innerst på parkeringsplassen). Fulgte denne oppover Askedalen. Nokre stiar tar av til venstre men eg holdt rett fram. Raskt får ein flott utsikt bakover mot Leirvik og Sunnhordlandsbassenget. Ein passerer Eldhushøgda og kjem til treskilt som viser sti til Stovegolvet opp mot høgre.

Oppover mot høgre til Stovegolvet er det betydeleg brattare enn fjellets navn skulle indikera. Mistenkte at dei som ga fjellet navn hadde gjort dette ironisk. Eventuelt at ein ville lokka folk fra Bergen til å reisa ut på landet for ein behageleg søndagsspasertur, for så å møta dette... :-)
Det er lagt ut tau på dei brattaste stadene. Høgdemetrane går fort unna, utsikta er flott, og til topps (703 meter) fjernast all tvil om kvifor ein ga fjellet dette navnet. I tillegg til flott varde er det også eldre bygning og restar etter fundamentet til radiomasta som sto her (no er masta på neste topp, Kattnakken). I gamle dagar gjekk det også taubane opp til fjellet for å letta bygging og vedlikehald her.

Vidare mot Kattnakken på godt merka sti i lett kuppert terreng. Undervegs kryssar ein stien som kjem opp frå Heia (Fossen) på Lundsetervegen og går vidare til Mehammersåto. Eg tok turen bort på Kattnakken (724 meter) først for å ha med denne også. Sikten var no kun nokre titalls meter men det var vanskeleg å ikkje sjå den formidable radiomasta :-)

Tilbake på stien nevnt over gjekk turen ganske strake vegen mot Mehammarsåto. Det er godt merka, mange småvardar i tillegg til raudt.

Ved Stemmetjørna kryssar ein stien som på høgre sida kjem opp frå Store Tjødnadalen og som ein til venstre kan følgja blant anna tilbake til Eldhushøgda (om ein ikkje vil ta turen over Stovegolvet og Kattnakken).

Varden på Mehammarsåto var ein stortopp verdig, med flagg og god sitteplass inne i oppmurte levegger. Været var no rett så surt så ly for vinden var velkomment. Boka ble signert.

Turen vidare til Litlasåto (Fitjars høgaste) vart funnen på kompasskurs og noko surring fram og tilbake i skoddehavet. Dette kombinert med at eg innsåg at eg hadde litt mindre tid enn eg strengt tatt ville trenga for å nå siste ferga tilbake til Kvinnherad gjorde at Fitjars topp vart besøkt meir i irritasjon enn i topp-glede.. :-)

Tur tilbake samme veg, men fulgte stien ned Fossen (mellom Kattnakken og Stovegolvet) til Lundssetervegen og derfrå bort til bilen.

Kjørte med bilhornet inne dei siste 2 minuttane ned mot fergekaien i håp om sympati frå fergemannskapet (avgangstida var no), banna vel litt nede på kaien kor det ikkje var noko ferga, men vart desto gladare då det minuttar etter gleid inn ei kvit ferga - forsinka ferger er ikkje alltid ein dum ting!

7 timar. Anbefalast, men gå ein dag kor været innbyr til meir utsikt.


Tilbake til Fitjar
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset