Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Tinn
Telemark
Kjedelig kø men fantastisk utsikt
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: August 2001.

Har inntrykk av at det er litt om å gjera for ein del å ikkje gå til Gaustatoppen, eller i alle fall sei at ein ikke går dit, fordi det er så svært stor utfart dit at frihetsfølelsen kanskje ikkje blir den største.

Men det er og blir Gaustatoppen som kan freista med den aller vidaste utsikten, i alle fall i Sør-Norge. Parkeringskaoset og køen på finværsdagar blir så absolutt verdt det! Og vaflene på i hytta på over 1800 meters høgde smakar mykje betre enn andre vaflar!

Utgangspunkt: Pleier å gjera som dei fleste og parkerer ved Stavsrohytta. Ellers går det fin sti også fra Svineroi som ligg litt nærare kanten ned mot Rjukan.

Vegbeskrivelse: Stien opp mot toppen er så prega av dei titusenar som har gått her og alle som har bygd sine små vardar eller kasta på eit par steinar på dei større så her er det rett og slett ikkje mogeleg å gå feil. Det relativt flate partiet midtvegs kjem godt med om ein har starta for hardt i dei første stigningene.

Dei fleste stopper ved platået like ovanfor turisthytta, men toppunktet er 33 meter høgare, i enden av eggen forbi masta. Siste del der byr på litt klyving og får fart på blodpumpa for ein med høgdeskrekk. Som meg...


Tilbake til Tinn








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset