Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Nesodden
Akershus
Koseleg skogsterreng
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

Flott skog å gå i sjølv om sjølve toppen ikkje er det heilt stora å skryta av.

Utgangspunkt: Parkerte ved Alvern ungdomsskole / fotballbanen (Bleksliveien 1, Bjørnemyr).

Vegbeskrivelse: Frå parkeringa kryssa eg hovudvegen og gjekk rett inn på Toveien - grusveg sperra med bom. Meiner at det var skilta med enten To Gård eller var det Tobonn? Vel, vanskeleg å bomma på denne vegen om ein parkerer ved Alvern skule i alle fall.

Etterkvart blir denne vegen kryssa av ein godt opparbeidd og svært tydeleg sti. Eg hugsar ikkje navnet på denne stien men den var godt merka med navneskilt. Oldtidsveien? Valgte då å ta til venstre inn på denne - rett opp ein liten skråning. På toppen av denne (før tjernet) tok eg til høgre inn på raudmerka god sti. Etter kvart går denne inn i eit firearma kryss med blå sti. Valgte der å gå rett fram (no på blåmerka) og fulgte denne stien fram til toppen/masta.

Begrensa utsikt frå toppen men fint skogsområde her. Svært lettgått tur, passar fint for små barn.


Tilbake til Nesodden


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset