Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Ås
Akershus
Rett og slett skjemmande
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

At det på så få meter kan gå frå å vera så fint som det er i bustadområdet like ved til å bli så stygt og forsøpla som ved Ås sitt høgaste punkt er nesten vemodig. Foreslår at nokon ein sein kveld grev vekk nokre kubikkmeter masse ved vasstårnet slik at eit anna punkt kan bli det høgaste i kommunen. Slik det såg ut då eg var der så er nok Ås i tetkampen om å ha Norges styggaste kommunetopp. Skjønt topp er å ta hardt i her..

Utgangspunkt: Køyrde Nordbyveien (35), tok inn Myrveien og fortsatte på denne til den svingte mot høgre (etter at ein har passert Nybrottveien). Her parkerte eg på venstre side like ved der kor vegen går inn til "toppen". Herfrå (Hebekk) startar også løyper merka av Skiforeningen.

Grusveg heilt fram. Holdt til venstre då dei to tårna til høgre ikkje er i Ås kommune.

Vurderte å binde saman skolissene og ta bind for augene for å få ei viss utfordring på vegen tilbake, men konkluderte med at det var like greit å springa tilbake til bilen og retta nasa mot Nesodden og forhåpentleg finare naturopplevingar der.


Tilbake til Ås
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset