Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
Stikkvatnskollen
361 m
Hurum
Buskerud
Overraskande bra utsikt
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Juni 2009.

Utgangspunkt: Parkerte på gruslagt parkeiringsplass langs Åsheimveien mellom Klokkarstua og Sætre. Parkeringsplassen ligg på høgre sida om ein kjem frå Klokkarstua, litt etter at ein har passert Steinerskulen som ligg på motsatt side av vegen. På parkeringsplassen var det godt informasjonsskilt med kart.

Vegbeskrivelse: Grusveg vidare (bom) nokre hundre meter før eg tok inn merka sti til venstre (merka mot Stikvatnshytta). Stien heiter Sandstien og går forbi Kolamila kor ein ser restar frå utvinning av trekol så seint som under siste verdskrigen. I neste stikryss forlot eg Sandstien og tok til høgre på merka sti mot Stikkvannskollen (skilt). Herfrå er det merka sti heilt til topps.

Overraskande bra utsikt fra toppen ved masta.

Det er mogeleg at min "topp besteget"-dans der oppe blei forveksla av gudane med ein regndans, for i alle fall åpna absolutt alle sluser seg og det var ein svært våt mann som satte seg i bilen ein halvtimes tid seinere.

I april 2012 var eg tilbake på Stikkvatnskollen i nydeleg vårvær. Då var det opent opp i tårnet. Super utsikt og vel verdt turen!


Tilbake til Hurum




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset