Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Asker
Akershus
Alle vegar fører til Bergsåstoppen
(Skrevet av hansn 13.06.2011)

Tur foretatt: Oktober 2011.

Toppen i Asker er Bergsåsen/Bergsåstoppen. Hagahogget er ein topp som ligg nær men nokre titals meter lågare. Bergsåsen er ifølgje Norgesglasset.no 459 meter.

Eg er nesten nabo til denne kommunetoppen, så det har blitt nokre besøk. Fyrste gang var i 2005, og då var jentungen med i barnevogn på asfaltvegen oppover fra Vestmarksætra til det gamle Nike-anlegget og i bæremeis siste stykket bort til toppen. Seinare har det blitt turar også frå Semsvann via Tveter gård, Tveter Sæter og Rustan Leir.

I dag prøvde eg ut det som vel er hovudvegen - stien opp frå skytebanen i Olledalen.

Utgangspunkt: Parkerte ved leirduebanen i Olledalen (i Solliveien).

Vegbeskrivelse: Blåmerka sti (merka med Bergsåstoppen) startar like ved parkeringsplassen der det går ein grusveg inn til høgre (når du kjem oppover Solliveien). Stien snor seg flott oppover i lia - i starten er det breid og god skogssti, etterkvart blir det noko meir steinete og ikkje minst brattare. Stien går i tett skog utan utsikt, men dette blir ettertrykkeleg kompensert av utsikten på toppen.

Stien er godt merka og lett å følgje. To stikryss er greit å halde rett i - følg merkene mot Bergsåstoppen, ikkje mot Hagahogget.

Toppen er open med lite høg vegetasjon. Her er det 360 grader utsikt mot Oslofjorden, Oslo by, Nordmarka, Finnemarka, og ikkje minst full oversikt over kva som skjer nede i Asker. Radaranlegget like ved skimtast gjennom krattet men trekkjer vel ikkje opp turopplevelsen. Men radaranlegg eller ikkje - dette er ein topp som er vel verdt å ta med seg om ein samlar på kommunetoppar eller ikkje.

Lengde tur/retur: 4 km
GPS topp: 0577464 - 6636036


Tilbake til Asker








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset