Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Orkdal
Sør-Trøndelag
Typisk myrenelandskap på sommaren
(Skrevet av Anders 26.05.2011)

Tur foretatt: Mai 2011.

25.05.11
Omnfjellet, 847 moh. – Orkdal kommune

Yr.no er ein finfin teneste. Ofte. Ikkje i dag.
Dei meldte opplett og forsvinnande skydekke ut over kvelden så eg kasta meg i leigebilen frå Løkken Verk og brukte nesten ein time til parkeringsplassen mob hadde parkert på. 40,- for å parkere her fall ikkje i smak og var litt usikker på om dette var rett plass så fortsatte 500 meter til mot Kyrksæterøra. Her var det ein fin grushaug å parkere på, heilt gratis.
Planen var å dra rett sørover og treffe på mob sin sti oppover lia. Det kom ingen sti og trøndermyrane var blaute så fjellskoa var definitivt riktig skoval. Det var litt opp og ned og ankelen var ikkje heilt nøgd på 3 overtråkken, men det gjekk relativt kjapt over. Kom opp i ei snøtunge eit stykke under toppen og fulgte den då snøen var passe hard til å få feste, men ikkje til å rase nedover i døden. Kom til eit tåkedekka toppmassiv og kontrollerte med gps, kart på papir, kart på mobil, kompass og mob på telefon for å trygge rett toppunkt. Det merkelige var at gps’en viste 856 moh, det var litt mykje avvik, så vart lettare forvirra. Kontrollerte med mobil at dette var riktig med dobbeltvarden og kart og satt kursen ned att. Måtte ta det sakte og på kompasskurs i starten for å ikkje ende opp i den leie nordre skråninga. Ut av tåka var vegen lett ned og godværsvindauget kom med blå himmel nesten nede. Det varte i 5 minutt. Observerte til min store skuffelse at Byåsen ikkje haldt unna mot Rosenborg i cupen. Men det er jo like fåfengt som å verte skuffa når Manure scorar på overtid…

Tid: 1t 10 min opp (hurtig gange), 50 min ned. 8 min toppunktkontroll i tåke.
Distanse: 4-5 km tur/retur
Stigning totalt: ca. 500 høgdemeter

ps. Anbefalt skitur


Tilbake til Orkdal




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset